tirsdag 3. september 2013

Tåfjordblot 2013

31. august. Bonushelg i Troms i samband med jobb. Trippelflaks: Knallvær, Tromsø havpadleklubb arrangerar "Tåfjordblot" og Kristin organiserar skyss og leigekajakk.

Her legg vi ut. Ikkje stygt. Kristin har nett hatt dåp på "Happy go lucky". Finst det eit bedre kajakknamn?

Niser

Det store høgdepunktet på veg ut var ein flokk med niser. Dei sirkla rundt oss og innimellom kajakkane, men eg var litt for treig på avtrekkaren.

Morten har lest seg opp på "Tåfjordblotet" og har mange artige historier å fortelje på veg utover. Vips framme.

Varmt! Sommarvarme! Bading! (Heilt frivillig, litt kaldt, men ekstremt forfriskande)

Ein valnøttlikør til aperitiff (per def. aromatisk apetittvekkande drikk innteke før måltid). Det var utruleg godt, og skikkeleg spennande smak. Heimelaga og påspandert av Kristin.

Tøff ettermiddag i sola på campen. Kven er førebudd på dette? Padlarar er tøffe folk så vi heldt ut. 


Varmen var tøffare for nokon enn andre...

I informasjonen om turen stod det: "Vi fiksar lam, du fiksar resten". Eller noko i den dur. Dette hadde Tromsøgjengen dreisen på! Simsalabim samanleggbart grillstativ, vips opp med eit lam frå ei bakluke, vips grillings. Eg var imponert og tidde heilt stilt om at boksmat er heilt normal kost for nokre av oss på padletur. 
Det denne turen eventuelt mangla i kilometer vart meir enn kompensert av turglede, matglede og ein fantastisk leirplass.

Lam i solnedgang

Heilgrilla lam med fløytepotet, rosmaringulrot og brokkoli. Herremåltid.  

Solnedgang, bålkos, og utpå natta vart det jammen eit blaff av nordlys og...

Det som elles skjer på blot må ein nesten vere med for å oppleve, men rykta går allereie om jubileumsblot neste år..

Takk til gjengen frå Tromsø havpadleklubb for ein flott tur!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar