torsdag 8. august 2013

By-padling i Ålesund

MSE i juli vart eg kjent med Kristin, som akkurat no ferierar på Sunnmøre med kajakk! Verda er lita, og no ville vi vere turistar i eigen by. Til ei forandring starta vi i Langevågen - kryssa til Slinningen - gjennom sjølvaste Ålesundet - rundt Aspøya og tilbake. Skikkeleg artig tur i eit fantastisk lys. Alle hadde budd, arbeidd eller gjort andre sprell i Ålebyen, som det var på høg tid å mimre litt om.

Cruiseskipa for ut av byen då vi for ut frå Langevågen. Det gav eit håp om Brosundet..

På Slinningen vert det alltid (gode) arkitekturdebattar. Alltid. 

Alle cruiseskip ute, og fritt fram for "kaiing" inn mot Brosundet. Mystisk og spennande.

Sjølvaste Ålesundet

Det er fint med tårn, spir og fargerike fasadar i Brosundet. 

Dei med størst risikoaksept gjekk for softis på Stuen. 
Høg turistfaktor, og heilt greit med ein urbanstopp downtown Ålesund på padleturen.

Turist i eigen by. Sentrumskaia speglar seg. 

Kveldsshow i Moljegapet. Ingen tvil om at vi måtte padle ut i solgliren her.

Padlarar i solnedgang. Snufs. Vakkert. 

Landemerka på nordsida. Molja fyr (t.v), Aspøy skule og Trankokeriet (t.h)

Dei "innfødte" på Aspøya held rimeleg fred

Noko fjas og synkronårekast trimma lattermusklane på heimvegen

For andre (t.d innfødte sunnmøringar) er matauk viktigare enn fjas. Kjekt å sjå fiskarliv i sentrum.

Kaiing på Slinningen med siluettane av Aspøya og Godøya heilt bakerst. Her fiska våre nye landsmenn, som kunne fortelje på heilt strålande forståeleg norsk at dei hadde fått to fiskar, ein sei og ein makrell. 

Hessafjorden med Runde som eit "Soria Moria" i vest. 

Kveld og landing i verdsmetropolen Langevåg. Veldig mykje bra friluftlivklede til god pris her, så verd ein stopp innimellom.

Turen vart ca 13 km. Knakande kjekt med ei bypadling att, og det var mykje å sjå undervegs. Veldig bra turfølgje var det og! Takk for turen! 

5 kommentarer:

  1. Flotte bilde frå noko som ser ut til å ha vert ein knakande kjekke tur :)
    Kjekt å sjå blogginlegga frå nordnorge turen og. Skal/må nordover å padle ein eller anna gong eg og,når eg får bedre tid til meg sjølv ein gang i framtida,kansje....;))

    SvarSlett
    Svar
    1. Har fleire turar nordover på ønskelista eg og... og tid får vi! :)

      Slett
  2. ... og Lene held på sin gode, lyriske fortellarstil... Takk for tur og fortelling!

    SvarSlett
  3. Å være turist i sin eigen by kan være ganske så kjekt det :) flotte bilder Lene, og morsomme kommentarer! Og en virkelig koselig blogg å lese :))

    SvarSlett