søndag 28. juli 2013

Runde rundt

19. juli. Frå padling i Herøy i Nordland til padling i Herøy i Møre og Romsdal. Etter råd frå yr.no hadde vi komme oss sørover. Britt kom opp frå Askvoll, og Tor Inge og Mildrid vart med frå Ulsteinvik og Herøy. Fin gjeng. Nina har vore gira på grottepadling på Runde sidan vi var der i fjor. Det store spennande spørsmålet no er forholda. Kor fort legg det seg etter vekesvis med kuling?

Nina på veg utover

Vi for ut frå stranda, under Rundebrua, og fekk svaret: Ikkje fort nok. Det var greie, men store forhold. Dønning på vel meteren braut i berga og gav skum og rotesjø. Ingen grotter i dag nei.  Det var sopass sjø at eg nesten ikkje har eit einaste skarpt bilde frå turen.

Det var altså ganske store forhold, sjølv om det ser klin flatt ut på bilde.

Britt forsvinn i horisonten

Fugl i fjell

Og fugl i lufta. Fleire gode grunnar til hjelmbruk i dag.

Fuglefjellet på Runde er i ferd med å døy. Artane slit med å få fram ungar, det er for lite (rett type) mat til dei i sjøen, og fuglane i fjellet er vaksne og gamle. Rekrutteringa har svikta i mange år, men den høge levealderen på fuglane er med på å "kamuflere" det. 
  
Vi rundar inn til fyret, og er ferdig med den største dønningen for dagen

Både DNT-nøkkel og fyr-nøkkel er med. Fyrmeisterbustaden er DNT-hytte, og det er ein dryg time gange over fjellet for å komme dit, for dei som ikkje padlar. Meir enn 20 sengeplassar og fin "hytte".

Frå nyfyret mot gamlefyret

Frå fyret til fyrmeisterbustaden. Jorda ER visst rund.

Fyra - kysten sine katedralar?

Mykje glas som skal haldast..
Men litt usikker på om dette er kuriosa frå gamle dagar eller framleis i bruk

Dagens mest innpåslitne ørn

Tor Inge i farta

Då vi fer ut att sett Tor Inge kursen beint opp i det kvitaste han finn. Britt har ikkje padla så mykje med oss før og stiller spørsmålet om kvifor? Er det ikkje betre/lettare vegar ut? Når resultatet av leiken vert tarestopp så har vi eit forklaringprblem. Det er berre slik at det er ikkje alltid den enklaste vegen vi vil gå... om det finst ein artigare variant. 

Godt planta

Mildrid fortel og viser oss filminnspelingsplassen for "Vaffelhjarte"

Burde ikkje de heller vore borte i fuglefjellet og hekka?

På Rundetur nr 3 vart det endeleg Runde rundt!

16 km

Turen var mykje finare enn bilda denne gongen. Grotter og snirkling har vi tilgode, og Nina må oppover på ein ny tur.

1 kommentar: