tirsdag 27. november 2012

Herregardstelting i Ulstein

Helga 24.-25.11 var øyremerkt padling og telting, ein eller anna stad mellom Ålesund og Askvoll. Spreke vermeldingar gjorde sitt til at vi hadde plan A-C, og måtte jobbe litt med motivasjonen fredagskvelden.

Start ved Kjeldsund, gammal handelsstad og tingstad.

Vi startar herskapeleg.

 I området her er det skjerma, korte avstandar til land og mange potensielle teltplassar.

Dragsundbrua. Eg liker bruer. Vakre linjer.

Dramatisk novemberlys - Gurskøya

Vi passerte Kvitholmen (anbefalt av Jon Oli) og såg teltplassen der. Lita grasslette og grei vik til å dra opp kajakkar. Akkurat slik vi definerer ein teltplass. Det var medvind og lett å padle. Meldingar på 11-13 m/s, men eg tvilar på at det var sopass som 5 m/s. Mange holmar og alle ser like ut frå sjøen. Fint område.

Ulsteinfjorden i november. Brukbart. 

Vi fann Borgarøya og padla rundt nesten heile øya. Vi ser etter teltplass, per definisjon ei vik og grasslette. Vi finn ein herregard med ein fyr dinglande på brygga. Det visar seg å vere vaktmeisteren og vi er komme fram til "teltplassen" Borgarøya.

Herskapeleg på Borgarøya og.

Ulstein kommune eig og har tilrettelagt handelsstaden for bruk. Vaktmeisteren var interessert i kajakk og vi fekk ein varm velkomst med beskjed om å berre ta oss til rette. Vi la i veg mot utedoen og vart litt overraska då han kom ropande og springane etter oss. Kva no? -Nei, nei, nei, de må ikkje gå dit! 
-Sjå her er det nye servicebygget.. Og rett nok, ved sidan av var det innedo med varmekablar i golvet. Ikkje akkurat "Lars Monsen - teltplass", men til novemberteltinga vår passa det fint med litt ekstraservice på standarden. Må ein, så må ein.

Herregardstelting i praksis.

Det var framleis havblikk og fint, men vi mistenkte vinden for å komme til natta. Teltet vart plassert strategisk i le for alle vindretningar.

Novembertelting har ei bakside. Det vert veldig tidleg kveld. Stupmørkt klokka 16.30 faktisk.

Månelys til middagen

Vi somla med middagslaginga, og gjekk tur over heile øya. Vi tøyde det no til halv åtte før vi var lei.   

Ulsteinvik "by night" var eit flott syn. 

 Det var ikkje freistande å begynne å brenne bål på museet der dei verneverdige trehusa stod tett som
 hagl. Vi tvilte på om forsikringa dekka det, og let det vere. Så då vart det ei god bok i teltet i staden. Eg begynte på "Ulysses" om trasige skjebner i polhavet under krigen. Rett varmt og triveleg i teltet i forhold.

Etter ei lang natt vakna eg utkvilt utan vekkeklokke i nitida. Men stiv som ein stokk. Det kom seg heldigvis etter ein runde på tunet. Framleis havblikk. Frost på marka, og fin frukost med stearinlys på bordet. Idar kom ut frå Ulsteinvik og skulle padle i lag med oss resten av dagen. Vi hadde nett komme oss i kajakkane då det kjem to andre padlarar rundt eit nes. Vi kjenner vel ingen her? Eller? Mildrid og Sygni!! Så kult å treffe dei tilfeldig på Ulsteinfjorden. Dei var heller ikkje heilt førebudde på at vi var der, sannsynligvis sidan vi hadde gjeve nokså grove anslag på turområdet på førehand. 

Padletreff på fjorden

Grasøyane fyr i horisonten. Neste gong? 

Rulledamene for sør og vi for nordom Hatløya, mellom nokre holmar og innover mot Ulsteinvik. Det er jo litt artig å sjå industribygder frå sjøen, og her ligg verdiskaparane på rekke og rad: Ulstein Group, Rolls Royce, Kleven. Vi sendte ein tanke til Hødd som skulle spele cupfinale, og registrerte at det var ikkje eit menneske å sjå ute i Vik. Halvparten i Oslo og resten framom TV'en antakeleg.

Industribygda

Nina og eg hadde lyst å padle rundt Dimna, sjølv om vi var advart mot straum og grunne. Først kom vi til straumen under brua. Forserte den så lett som berre det. Sidan det var nesten full fjære så var nok ikkje straumen så sterk heller. Neste utfordring var grunna i sør.

Dimna aust.

Det gjekk som ein padlekanal gjennom tangen, så vi dura på. Med ei ny stripe i botnen og litt utradisjonell åre/armbruk så kom vi gjennom. Nydeleg kulturlandskap, klårt vatn, ein haug med svarte slangestjerner. Polakk som fiskar. Han skjønnar ikkje heilt kva vi seier, men viser stolt fram ein diger torsk. Beundrande jubel frå oss i kajakkane.

Speilblankt sørover mot Dragsund og Kjeldsund. Fin rytme, fin dag. Kilometrane går lett. Ei skive her og ein sjokolade der. Etter herregardsfrukosten treng vi liksom ikkje ein skikkeleg lunsjsstopp.

Dragsundet. Ny infrastruktur versus småbruk.
Reknar med det var blanda kjensler til bruprosjektet her..?

Ved bilen er det siste utfordringa som skal gjennomførast: Rulling. På med hette og dra pusten. Sjølv med ei dårleg teknisk rulle kom eg opp på begge forsøk! Greit å teste at det funkar på slutten av ei helg, i kaldt vatn og med alt av klede og stæsj i vesten, tauline og med fullpakka kajakk. Eg vil opp med hovudet først, så må skjerpe meg litt på det.

Circumnavigering Dimna inkludert herregardstelting på Borgarøya, totalt 28 km padling

Kanonfin novembertur med telting gjennomført. Kjekt med nye padlefolk og treff på fjorden. 

3 kommentarer:

  1. Kjempefin artikkel om padling så seint på året, virker som et supert område å utforske!

    SvarSlett
  2. Atter ei flott helg med det gode teltliv:)

    SvarSlett
  3. Telting nå! What! Dere har det kanskje ikke riktig så kaldt som vi har det ennå, men likevel... Hutre.
    Imponert.

    SvarSlett